Logo Copyright © 2007 NCCG - All Rights Reserved
Return to Main Page

RESURSER

Ansvarsfraskrivelse

Introduksjon til GNPK

Sannhetens symfoni

Nøtteskal

Frelsesplan


Generelt

Artikler

Bibelkurs

Høytider

Intervjuer

Kulter

Norge

Olivengrenen

Profeti

Sabbatstaler

Diverse

Akutt hjelp!

Barnehjem

CD-ROM

Copyright

Donasjoner

Kalender

Kontakt

Menigheter

Publikasjoner



    155. Yah'shua kjem snart!


    Ei gammal dame frå Valdres på 90 år fekk ein profeti (eit syn) frå Yahweh i 1968.

    Emmanuel Minos heldt møter der ho budde. Han fekk treffe henne, og ho fortalde det ho hadde opplevt. Han skreiv det ned, men han syntest det høyrdest så uforståande ut at han la det i ei skuff. Men no, nested 30 år etter, såg han på det og dåforstod han at han måtte dele det med andre. Dette er skrive av frå ein kasett som vart teken opp på eit møte på Sunnmøre i 1995. Valdresdama var ein vaken og sannferdig kristen som hadde eit godt skussmål av alle some kjende henne.


    1. Eg fekk sjå verda som ein slags globus. Eg såg Europa - land etter land. Eg såg Skandinavia, eg såg Noreg. Eg såg visse hendingar som vil finne stad rett før Yah'shua (Jesus) kjem att, og like før den siste ulykka bryt laus over menneskeheita som me aldri før hev røynt maken til.

    Like før Yah'shua (Jesus) kjem att og alvoret bryt laus, blir det ei avspenning som me aldri har hatt sidan etter mellomkrigstida. Det blir fred, og freden kjem til å vare ei tid. I denne fredsbolken vert det nedrustning i mange land, også i Noreg, og me er atter uforberedt (uten forsvar) når det bryt laust. Den tredje verdskrigen startar på ein måte som ingen hadde venta og på utventa hald.

    2. Det kjem til å oppstå ein lunkenhet blant kristenfolket utan sidestykke, eit fråfall frå sann og levande kristendom blant dei kristne. Kristne kjem like før Yah'shua (Jesus) kjem att ikkje til å vera opne for ransakande forkynning. Dei vil ikkje som før i tida høyre om synd og nåde, lov og evangelium, bot og betring. I staden kjem ein slags surrogat - lykkekristendom. Det gjeld å verta mest mogleg vellukka, det gjeld å nå fram, det gjeld materielle gode. Ting som Yahweh (Gud) aldri har lova oss på dette viset. Kyrker, bedehus og frikyrkjelokale vert meir og meir tome. I staden for forkynning me har vore vane med gjennom generasjonar, som å taka sitt kors opp og fylgje Yah'shua (Jesus), vert det underhaldning og kunst og kultur som overtek kyrker, bedehus og lokale der vekking, nød og botsmøter skulle ha vore. Dette kjem i sterk grad rett før Yah'shua (Jesus) kjem att og ulykka bryt laus over oss, og folk kjem til å sova i si ånd.

    3. Det vert ei moraloppløysing som gamle Noreg aldri har opplevd maken til. Folk vil leve som gifte utan å vere det. (Dette var i 1968 og eg trur ikkje utrykket ”sambuar” fans på den tida.) Ureinskap før ekteskapet og utruskap i ekteskapet kjem til å verta naturlege (burde stått ”normale”) hendingar, og ein orsaker dei på alle hold. Dette kjem til og med å snika seg inn i kristne krinsar og med dullar for det, og syndar mot naturen. Like før Yah'shua (Jesus) kjem att og alvoret bryt laus kjem det til åverta TV-saker som me aldri tidligare har røynt. TV kjem til å verta full av vald. Ein vald så grufull at det kjem til å læra folk opp til å drepa og øydelegga kvarandre, og det vert utrygt å gå i våre gater, folk kjem til å ta etter. Det vert ikkje berre eit tilbod på TV, det vert fullt av tilbod. (Ho såg dette med fleire kanaler alt i 1968!). Det vert slik som på radio og ein kan ta inn den eine stasjonen etter den andre, og dei kjem til å verta fylt med vald. Folk kjem til å ha det som underhaldning, dei verste scenar av mord og øydelegging av kvarandre, og det kjem til å spreie seg i heile samfunnet. På TV kjem det og til å verta vist samlivssenar, dei mest intime ting som gjeng føre seg i ekteskap kjem til å verta vist på skjermen. (Dette var i 1968 og eg protesterte med at me har paragrafar som vil forby den slags. Då sa den gamle dama: ”Det kjem til å hende og du får sjå det. Alle ting med har hatt før kjem til å brytast ned og det blir vist det mest usømelige for våre auger”.)

    4. Folk frå fattige land kjem til å strøyma til Europa. (1 1968 hadde me ikkje innvandring). Dei kjem også til Skandinavia og til Noreg. Det vert så pass mange av dei at folk tek til å mislika dei og verta harde mot dei. Dei vert handsama slik som jødane vart før andre verdskrigen. Då er målet for våre synder fullt.

    (Eg prostesterte på dette med innvandring, eg forsto det ikkje då. Da strøymde tårene på den gamle dama og ho sa ”Eg får ikkje sjå det, men du får sjå.”)

    Då, brått kjem Yah'shua (Jesus) att og tredje verdskrigen bryt ut. Det vert ein kort krig (ho fekk sjå den). Alt av krig eg har opplevd før er berre leik samanlikna med den, og den kjem til å slutta med ein atombombe. Lufta vert så forureina at ein ikkje kan puste i ho. Det kjem over heile verda – Amerika, Japan, Australia, dei rike landa. Vatnet kjem til å verta øydelagd, me kan ikkje dyrke jorda meir. Resultatet er at berre nokre få vert att. Og desse få som bur i dei rike landa vil freista å røme til fattige land, men dei vert like harde mot oss som me vart mot dei -når tida er inne.

    Eg er så glad for at eg ikkje får sjå dette, men når tida nærmer seg, ta mot til deg og sei dette. Eg har fått det frå Gud.


    Ingenting av dette strir imot det Bibelen fortel. Sjå Åp.6 og utover.

    Men den som har fått si synd tilgjeeven og har Yah'shua (Jesus) til Frelsar og Mester, og adlyder budene, er trygg.

    Laget: 24. april 2008
    Oppdatert: 24. april 2008


    Copyright © 1987-2008
    Guds Nye Pakts Kirke
    Yahwehs B'rit Chadashah Forsamling